Erlend Ropstad - Bright late nights
Ein skulle tru at Noreg var støvsuga for singer/songwriter talent. Men jaggu meg dukkar ikkje Erlend Ropstad opp med ei meget lovandes plate. Med ei mengde fine låtar har han laga ei sterk plate.
Erlend Ropstad er opprinneleg frå Kristiansand, men bor for tida på Oppdal. Etter å ha turnert som support for blant anna Thomas Dybdahl, Essex Green og Teitur er Ropstad no klar med ei plate som etter all sannsynligheit vil gi han sjansen til å turnere som headliner sjølv.
Debutalbumet Bright late nights vart spelt inn i Grieghallen studio, med David Bertolini (Kings of Convenience) bak spakane. På plata har også blant anna Bergen Filharmoniske Orkester og Christine Sandtorv frå Ephmera vært med å bidratt.
For delar av det norske folk er nok Erlend Ropstad sin musikk mest kjent frå filmen Fritt Vilt der låtane Oh Coreen og Come on back in the morning spelar sentrale roller. Men for dei aller fleste er nok Erlend Ropstad eit heller ukjent namn.
Bright Late Nights har nok av sterke låtar. Men det skal og nemnast at det er ein del svake og ein del låtar som er so midt på på treet at dei fort går i gløymeboka. Låtar som Rocket, Ill be your army er eksempel på låtar som nok ikkje vil bli spelt i hjel på radio og tv. Medan låtar som My third cup, Winona and I og Slow motion reply er eksempel på ordinære låtar.
Men heldigvis både for oss lytterar og for Erlend Ropstad så har han ein del sterke låtar, som fort får deg til å gløyme dei svake. Under your window, Passenger seat (ein nydelig duet med tidligare nemnte Sandtorv), The great cd robbery, safe and sound, You`re a part of me(som minner veldig om Shawn Mullins) og Shiver er alle sterke låtar som får det til å gå kaldt nedover nakken din då stemninga i songane skyller innover deg.
Det er akkurat dette som nok må seiast er Erlend Ropstad si styrke som singer/songwriter. Følelsen som han prøvar å formidle vert på ein eller annan finurlig måte din følelse undervegs i songen. Sjølv om det kun er Ropstad og gitaren som stort sett vert brukt vert det ikkje tynn suppe som det fort kan bli med slike singer/songwriter plater. Stemmemessig er det svært lite å klage på, det kan kanskje i lenga bli litt mykje vibrerande melankolsk synging. Men på det som er platas sterke låtar, hadde det rett å slett ikkje passa med noko anna.
For første gong kan eg innrømme at ei melankolsk gitarklimpring plate traff meg rett i hjerterota.
Del på Facebook | Del på Bluesky