CC Cowboys På Svalbard Uten Strøm
Karriereomfattande, akustisk, best of frå gamle heltar.
I fjor vinter reiste CC Cowboys til Svalbard, av alle plassar, for å spele inn ei akustisk plate. Med herrane Grønneberg (vokal, gitar), Christensen (Gitar), Vestby (bass) og Sæther (perkusjon) på plass ligg forholda ligge til rette for ei glitrande akustisk plate.
Plata inneheld materiale frå alle tidligare utgivingar. Klassikarar som Tigergutt, Nå Kommer Jeg Og Tar Deg, Barnehjemmet Johnny Johnny, Harry og Når Du Sover er alle på plass. Dermed skulle vel forholda for ei god plate ligge til rette, men dessverre er det ikkje alle låtar som taklar straumtapet like godt. For eksempel fungerar ikkje Tigergutt og Harry like bra utan straum. Resultatet her vert noko tamt, og Grønbergs vanlegvis sløve vokal følast i overkant sløv ut, sjølv for å vere han.
Men på den andre sida vert låtar som Lyst, Når Du Sover, Helt Ok og Hvit Luft tilført ekstra dimensjonar i nedstrippa versjon. Spesielt Lyst har ei meget spesiell stemning i seg som gjorde at underteikna nesten vart våt i augekrokane sine. På desse låtane er Grønnebergs nedsløva stemme heilt perfekt.
Meiningane om CC Cowboys har vært mange og varierte gjennom åra. Veldig mange har eit elsk/hat forhold til dette bandet. Men at bandet har levert mange godlåtar kan ingen ta ifrå dei. Mange av låtane nærmar seg tjue år, men held seg like godt i dag. Det vitnar om kvalitet.
Løp og kjøp? Til tross for at ein skulle ønske at dei hadde med eit aggregat som dei kunne slå på ved enkelte songar, er likevel sluttresultatet absolutt godkjent. Dette er verdt dei kronene du må ut med.
Del på Facebook | Del på Bluesky