Timbaland - Shock Value
Timbaland tek ingen unødvendige sjansar med sitt album. Han satsar derimot på oppskrifta som allereide har gitt han høve til å hjelpe andre artistar til suksess.
Timbaland har etter kvart fått eit solid rykte som produsent for relativt store stjerner som Justin Timberlake, Missy Elliot og Nelly Furtado. Men no er det derimot Timbaland sin tur til å få være i rampelyset. I tillegg til dei ovanfornevnte er også blant anna Dr. Dre, Elton John, The Hives og 50Cent medverkande på denne plata. Som ein då kan forstå har det blitt ei variert, men alikavel absolutt godkjent plate.
Når Timbaland no tek steget utifrå miksedesken sin så skal han ikkje anklagast for å ta unødvendige sjansar. Han satsar enkelt og greitt på oppskrifta som har gitt suksess med allereie nemnte Furtado, Timberlake med andre.
Med mykje feelgood materiale, catchy refreng, dansbare rytmer og god produksjon. Samt sterke spor som Scream, Kill Yourself, Appologize, Give it to me, skal det godt gjerast at dette ikkje vert spelt mykje på radio og tv dei næraste månadane.
Plata har sjølvsagt sine dårlige spor, men alt i alt var dette ein meget positiv overraskelse.
Som musikkelskar jobbar underteikna ut frå teorien om at: God musikk er god musikk uansett. Så sjølv om denne sjangeren ikkje er det som ligg mitt hjerte nærast så må eg rett å slett innrømme at denne plata var ein positiv overaskelse.
Løp og Kjøp? Absolutt verdt ein liten svipptur innom din lokale platesjappe.
Del på Facebook | Del på Bluesky