Langs aksen Norge-Chicago
Med Schooldays gjekk Paal Nilssen-Love femte og nest siste etappe i denne festivalens store jazz-stafett. Gjennom denne konserten vart også aksen Norge-Cicago konfirmert, ettersom byen ved Lake Michigan er base for den damerikanske musikken andre vil kalle jazz, men som dei sjølve kallar undergrunnsmusikk.
Schooldays, Burton/Ozone / /
Vi snakkar om saksofonisten Ken Vandermark og trombonisten Jeb Bishop, begge med i Chicago-tentetten som nyleg sette Kongsberg-festivalen på ende.
I den norske enden av aksen er Paal Nilssen-Love og bassist Ingebrigt Flaten, med ein svensk utløpar i vibrafonisten Kjell Nordeson.
Musikken svarar ikkje til den gjengse oppfatninga av avantgarde. Han er nesten streitare enn Ornette Colemans, meir i slekt med Don Cherry, som dei også heidra med ein av komposisjonane hans, Elephantology. Det er linene musikken utviklar seg langs som karakteriserer han. Ingebrigt Flaten er den perfekte bassisten i dette konseptet, og det norske radarparet borga for stålkomp.
Fireflate/puls for vidare i det Ken Vandermark drog i gang ein låt tileigna Harry Carney. Då hadde vi alt fått ein time med kveldens mest elegante duo, Gary Burton saman med den japanske bassisten Makoto Ozone.
Samarbeidet dei imellom har pågått i mange år, i mars gav dei ut ei samling med sine versjonar av klassiske stykke, og Burton har også heidra nestorane i vibrafonfamilien på plate. Det er eit ungt instrument (1930), og inntil Red Norvo og Milt Jackson døydde i 2000 var heile den unge vibrafonfamilien enno i live.
![]() SCHOOLDAYS: Paal Nilsen-Love: Foto: Sigve Strømme - fireflate/puls ( ) |
Etter ein strøken versjon av "Monks Dream" heidra duoen først latin-vibrafonisten Cal Tjader med Mongo Santamarias Afro Blue, Milt Jackson med hans eigen Bags Groove, Red Norvo med Whole In The Law, og den stadig levande 95-åringen Lionel Hampton med ein tidsriktig versjon av ein låt han spela i orkeseret til Benny Goodman, Opus Halt.
Det var elegant og virtuost hele vegen, då dei byrja på ei avdeling med klassikarar. Ved det leitet måtte deres allround-medarbeidar haste vidare til nye stilarter. I pakt med Hunter S. Thompsons motto:
We are, after all, professionals.
Del på Facebook | Del på Bluesky
Heftig bra hardcore - Halcyon Days
(06.06.26) «True Norwegian Metalcore» kaller de det og jaaaaa! Hardcorehjertet mitt synger med!
