Puls 24.04.08


Shadow King
Kva Skjedde?

Tips noen om denne saken


Les også

Foreigner med soundet intakt (25.07.10)

Foreigner: Can't Slow Down (05.03.10)

Def Leppard: Nostalgisk idyll for åpen himmel, del 2 (31.05.08)

Def Leppard: Nostalgisk idyll for åpen himmel (26.05.08)

Def Leppard - Songs From The Sparkle Lounge (29.04.08)

Steve Clark – Borte, men aldri gløymt (08.01.08)

Fleire band klare for Sweden Rock Festival (03.12.07)

Def Leppard til Norge (13.11.07)

Sweden Rock dag 2: Sjarmoffensiv fra Sheffield (10.06.06)

Def Leppard: Best Of (30.11.04)

Def Leppard: X (13.09.02)

Def Leppard: Euphoria (17.06.99)

En ny vinner fra Def Leppard? (07.04.99)



Kalender



Shadow King - kva skjedde?

På byrjinga av nittitalet var det mykje som skjedde på musikkfronten. Noko av det mest spennande innan melodiøs hardrock var Lou Gramms nye band Shadow King. Med eit bunnsolid sjølvtitulert debutalbum var bandet klare for å erobre verda. I ryggen hadde dei Atlantic Records som innvisterte mykje i prosjektet, samstundes som ein relativt omfattande turné satt opp. Første hinder var debutkonserten på Astoria i London.

Shadow King var på mange måtar eit resultat av Lou Gramms frustrasjon med Mick Jones og Foreigners musikalske retning. Frustrasjone hadde tidligare ført til to soloalbum frå Gramm, før han bestemte seg å forlate bandet hvor han skapte sitt navn. Eigentleg ville Gramm fortsette under solobandet sitt, som han hadde hatt stor suksess med, men plateselskapet insisterte på at eit nytt bandnamn var nødvendig.

Jakta på bandmedlemmar var ikkje akkurat nokon vanskelig prosess. Bassist Bruce Turgon og trommis Kevin Valentine hadde begge spelt inn låtar for Gramms soloband tidligare. Turgon og Gramm hadde vært vennar sidan ungdomsåra då dei begge var med i Black Sheep. Dette vennskapet hadde dei bevart, og Turgon var eit naturlig valg som bassist i og med at han allereide hadde tatt seg av bassen på begge Gramms soloplater. Ex-Dio- og Whitesnake-gitarist Vivian Vampbell var siste mann på lista; det kom ikkje som nokon stor overaskelse då han hadde tatt seg av gitaren på Gramms andre solo album "Long Hard Look".

Alt var då klart for suksess. Gramm hadde fortsatt vokalen som han hadde blitt så kjent for, Campbell var fortsatt ein ettertrakta mann i industrien etter stor suksess med Dio og som turnemedlem i Whitesnake, medan Turgon hadde vist at han var kapabel til å lage solid rock and roll saman med Gramm. Bandet hadde på mange måtar allereide hatt suksess med Gramms "Long Hard Look"-album der Campbell hadde tatt seg av gitar, medan Turgon hadde spelt bass. Blant anna hadde ”Just Between You and Me” hatt stor suksess som singel.

Fleire musikkvideoar vart og laga. Plata som var klar for release fløymde over av låtar som gav assosiasjonar til Foreigner, Zeppelin og nyare stadium rock band som Def Leppard og Bon Jovi. Avspark for det som mange trudde skulle bli ein storsuksess skulle haldast på sagnomsuste Astoria i London. Konserten synar eit band som debuterte med materiale frå ei plate som tydelig var solid, samt at dei gjorde særs sterke versjonar av gamle Foreigner-klassikarar.

Etter konserten vart alt stille. Plata vart gitt ut i stillheit, turneen vart avlyst og innan kort tid var Gramm og Turgon innlemma i Foreigner, Campbell hadde overtatt gitaransvaret i Def Leppard etter avdøde Steve Clarke, medan Kevin Valentine forsvant frå livearenaen og vart sessionmusikar. Valentine dukka seinare opp på på blant anna Kizz sitt "Psycho Circus"-album. I ettertid har albumet oppnådd ein slags kultstatus innan meoldiøs hardrock, og er i dag ansett for å vere ei av dei aller beste platene innan sjangeren.

Kva skjedde?
Var Campbells rykte som ein rebell og umulig å samarbeide med sanne? Eller var det Gramm som sakna Foreigner og trakk seg frå heile prosjektet? Eller var det kanskje Turgon og Valentine som var misnøgde med å spele andrefiolin for Campbell og Gramm? Eller var inntoget av grunge ansvarlig for at plateselskapet fikk kalde føtter?

Eksakt kva som gjekk galt er det ikkje så alt for lett å kome til bunns i, då medlemmane ikkje gav så mange intervju då albumet kom ut, ei heller i ettertid. Vivian Campbell var førstemann som droppa ut, då han forlot bandet til fordel for Def Leppard, der han erstatta avdøde Steve Clarke. Avgjersla var på mange måtar ikkje vanskelig å forstå, då Def Leppard på denne tida var eit av planetens desidert mest populære band.

Campbell hadde sidan Dio-dagane leita etter eit band som var stabilt, og då var nok Def Leppard eit sikrare levebrød enn eit nytt band som måtte kjempe seg opp og fram. Hans avgjerlse var nok eit skudd for baugen, men Steve Ferris (Mister Mister) var allereide tiltenkt rolla som erstattar, så hovedgrunnen var nok ikkje Campbells avskjed. Gramm og Turgon innsåg òg kanskje at Foreigner som levebrød var meir stabilt enn Shadow King? Etter litt att og fram blei i hvert fall turnéen avlyst og bandet oppløyst.

Den einaste av medlemmane som har gitt noko innsyn i kva som eigentleg skjedde er Bruco Turgon, da han i forbindelse med sitt soloalbum "Outside Looking In" gav eit lite innblikk i bandets oppløysning. Turgon følte at bandet hadde blitt pressa til å gi frå seg Lou Gramm tittelen til fordel for eit nytt band. På mange måtar måtte dei då starte om igjen etter suksessen dei hadde hatt som Lou Gramm Band. Samstundes hadde Shadow King fram til den nemnte Astoria-konserten vært eit reint studioband, og den kjemien dei hadde hatt i studioet var borte vekk på scena. Turgon sa også at bandet raskt forstod at det ikkje kom til å fungere som liveband, og at dette var hovedgrunnen til at bandet vart oppløyst.

Bandets debutalbum vart også sluppet i ei tid då grungen gjorde sitt inntog, og ein skal absolutt ikkje sjå bort ifrå at dette kan ha spelt inn. Både Pearl Jams "Ten" og Nirvanas "Nevermind" vart utgitt i 1991. Kanskje merka bandet at støtten ikkje var like stor som dei hadde blitt lova? Det at albumet til slutt vart utgitt i all stillheit gir ein peikepinn på at støtta frå plateselskapet kunne ha avtatt.

Sidan tre av fire medlemmar droppa ut og vart medlemmar av band som sikra dei ei inntekt kan det tyde på at medlemmane kanskje mista litt tru på at albumet kom til å slå gjennom og dermed var det bedre å sikre framtida si medan ein hadde sjansen. Sjølv om ingen av medlemmane har nemnt dette i ettertid, er det ikkje noko umuligheit at dette var tilfellet.

Ingen store personkonflikter, ingen rebellar, ingen dumping av plateselskap. Shadow King var i hovudsak offer for manglande kjemi, dårlig timing og medlemmar som trudde graset var grønare på andre sida. Dermed var det heile over omtrent før det hadde starta.

Alt vi vart sittande igjen med var eit album, og tankane om kva som kunne ha vore. For eit klipp av det som skulle vore musikkhistorie, sjå linkane under:

”I Want You”:

“What Would It Take”:


Raymond Abeltun





submit to reddit







Siste saker

Fremmed Rase: «Det e’ så varmt inn hær!»

Løkki: Hva norsk musikk trenger akkurat nå.

Christer Torjussen: Norges svar på Louis CK

Wallmans Oslo: Rockin'

Kris Kristofferson: "More country for old men"

Singin’ in the Rain: Vanntett underholdning!