Puls 06.03.08


Subwoofar!
Kva Skjedde Med Kongen Av Bass?

Tips noen om denne saken


Les også





Kalender



Subwoofar – Kva Skjedde Med Kongen Av Bass?

For eit par helgar sidan hadde underteikna ein særs dårlig søndag. Kombinert med ein horribel fotballkamp, uvettig alkoholinntak, litt kebab i magen og mykje på skoa. Disse hendingane skulle ilag bidra til at eg fikk det føre meg at alt var betre før. Dette enda med at eg leita fram mitt gamle stereoanlegg.

Året er 1993. Mor Abeltun ser sin son springe med spente skritt opp trappa. Etter ca. 30 sekund byrjar heile huset å riste. Kva skjer? Intet svar kjem frå loftet. Bråket er for voldsamt, huset ristar og fineserviset ramlar ut av hyllene på kjøkkenet. Mor stormar opp trappene og riv opp døra medan ho brølar. Kva i helv…. driv du med? Slapp av mamma! Eg har bare kjøpt meg stereoanlegg. Omtrent slik var min debut med subwoofarar.

For dei av dokke som har gløymt disse herligheitane, var subwoofar ei gedigen basskasse som satte himmel og jord i bevegelse, hvis du spelte den rette songen. Det var ikkje alltids tilfelle. Min debut med subwoofar kom for eksempel med Michaels Boltons såkalla Best Of. Sjølv om dette er litt flaut i dag, la det ikkje nokon dempar på stemninga då. For bassen rista huset så kraftig at ein ikkje kunne høyre noko til musikken alikevel.


Stort og upraktisk! Akkurat slik ein Subwoofar skal vere!

Men kva skjedde eigentlig med kongen av bass? Frå å vere eit monster på gutterommet, er disse kassene no bare å oppdrive i gamle, nedrusta volvoar. Subwoofaren har blitt kastrert. Dei gedigne kassene som gav deg kun bass og var så upraktiske at dagpendling med NSB virkar enkelt, er borte. Dei nymotens stereoanlegga skal vere så små som mulig. Dei designarlaga basskassene i oppråna BMWar og dei pinlegsmå basselementa i heimekinoanlegga våre er bare triste. Subwoofaren, som tidligare var eit monster frykta av alle foreldre landet rundt, er no blitt ein trivelig stuegris. Frå å vere ein heilag gral for nykonfirmerte tenåringar er den no like gløymt som uttrykk som ”fakta faen” og ”sug og svelg, trivelig helg”. Kva skjedde?

Det er ikkje godt å seie kva som skjedde, kanskje var det bare at eg vart vaksen, flytta heimafrå og budde i rotne hyblar der det bare var plass til meg sjølv og ein sovesofa. Kanskje var det at nokon innsåg at subwoofarane faktisk kunne lagast litt meir praktiske enn dei har våre tidligare. Kun vår Herre veit svaret. Men ein ting er i hvert fall sikkert. Alt var betre før.


Designerbagasje rom? Dette er berre for Noldusar!

Året er 2008, Unge Abeltun har blitt ein godt vaksen mann. Heim til mor kjem han fortsatt. Sjølv om han no er i litt skralare tilstand ein for femten år sidan, maktar han å finne det gamle stereoanlegget sitt. Tårer renn, klemmer blir utveksla og straumen vert plugga i. Gløymt er derbytap mot City, Michael Boltons samlede verker og øla som vart mista på golvet. Gløymt er dei femten-hundre kronene i barregning og servitøren som nekta å servere meg. Gløymt er kebaben eg mista på bakken og den lange gå turen heim frå byen. Tilbake er kun minna om tidligare tider då alt var så mykje betre.

Med Def Leppards Hysteria album på anlegget sovnar underteikna med eit stort smil om munnen. Alt var betre før!


Raymond Abeltun





submit to reddit







Siste saker

Fremmed Rase: «Det e’ så varmt inn hær!»

Løkki: Hva norsk musikk trenger akkurat nå.

Christer Torjussen: Norges svar på Louis CK

Wallmans Oslo: Rockin'

Kris Kristofferson: "More country for old men"

Singin’ in the Rain: Vanntett underholdning!