Puls 30.10.07


Deft Leppard
Tribute Band
England

Tips noen om denne saken


Les også





Kalender



Deft Leppard - ein hyllest til gamle rockeheltar

Året var 1993, grunge bølga som skulle gjere livet surt for særs mange av dei store 80tallsbanda hadde enda ikkje slått skikkelig til her til lands. Def Leppard stod på høgda av sin popularitet her i Europa, med utsolgte show og uttallige hitsinglar. Etter dette vart det stille frå Sheffield bandet, og sida 2002 har dei knapt nok satt foten sin i Europa, til tross for fleire særs vellykka turnear i USA.

Ein trygt seie at det var på tide at nokon danna eit tribute band for dette særs populære bandet. Deft Leppard vart forma tilbake i 2005, og består i dag av følgjande bandmedlemmer: Ashley (Joe Elliott, vokal), Mark (Phil Collen, gitar), Mike (Rick ”Sav” Savage, bass), Lee (Rick Allen, trommer), Ian (Mutt Clark, Keyboard) og til slutt Mark (Vivian Campbell, gitar).

Fenomenet tribute band er ikkje akkurat noko utbredt fenomen i Noreg, men i Storbritania er dette eit nokså utbredt. Meget habile musikara går saman og gjer sitt ytterste for å etterlikne eit band med fordums stolteheit. Merkelig? Absolutt, og i utgangspunktet skal eg seie at eg var særs skeptisk til slike band. Hayseed Dixie, AC/DC tribute band, konserten på Roskilde var berre dråpen som fikk begeret til å flyte over. Denne typen band har eg tidligere sett i båsen for band som tar snarvegen til litt gratis festar og nokon enkle damebekjentskaper.

Tar ein og med i beregninga at eg mest sannsynlig er Noregs desidert største Def Leppard fan, kan ein trygt seie at utgangspunktet for å havne på plussida i mi bok ikkje var særdeles gunstig.

Men etter å ha hatt ein prat med frontmann Ash i Deft Leppard, satt eg kun igjen med følelsen av at Deft Leppard, og tribute band genrelt, i bunn og i grunn handlar om kjærleik til god musikk.

Det var ein særdeles spent ung herremann som satte beina sine i Empire Music Hall i Belfast, i oktober i år, for å sjå Deft Leppard opptre. Det skulle ikkje gå mange minutta før han innsåg at dette var ein kveld han seint ville gløyme. Likesinna musikkelskarar gjekk raskt av hengslane til gamle og nye klassikarar som Photograph, Foolin, Rock of Ages, Animal, Hysteria, Pour Some Sugar on Me og Lets get rocked.

Etter konserten fikk eg meg ein prat med vokalist Ashley.

Først av alt bør dykk kanskje fortelje meg litt om korleis dere kom saman og bestemte dere for å lage eit tribute band for Def Leppard?

Vi hadde alle vært i forskjellige band ein periode, alle hadde vært involvert i forskjellige band. Nokon tribute og nokon originale band. Vår førre "Vivian Campbell" som også var involvert i eit Bryan Adams tribute band kom med forslag til Ashley og Mark om at dei kunne være i stand til å reprodusere Def Leppard sin sound live. Som store Def Leppard fans viste vi at for å få aksept hos fansen rundt omkring i U.K. mått vi legge mykje vekt på vokal og produksjon vist vi skulle klare å gjengi musikken på ein respektabel måte. Vi brukte masse tid på å bestemme oss for korleis dette skulle gjerast og her kom Ian (keyboard) inn i bildet, han var ei nødvendigheit for å få på plass produksjonen av songar som Women, Hysteria og Foolin som med sin store produksjon krevjar mykje kunnskap om musikk for å gjennomføre live. Ian hjelper oss også med back vokal. Bandet vart deretter komplementert med Mike på bass og Lee på trommer.

Kvifor starte eit tribute band for akkurat Def Leppard?

Først av alt er det fordi vi alle er store Def Leppard fans. Men samtidig såg vi også den store utfordringa i å klare å gjennomføre dei store 80talls anthema, den store produksjonen og spektakulære vokalane som ein stor motivasjon. Vi såg også at det var på tide at dei fikk sitt eige tribute band i UK. Bandet har haldt det gåande i over 30 år og har mykje fans der ute som ikkje har sett eller hørt bandet på mange mange år.

Dekker dere ein spesiell tidsepoke for bandet ? Sidan dei fleste fans nok er mest begeistra for klassiske album som Pyromania og Hysteria

Vi dekker sjølvsagt mykje av materialet frå Pyromania og Hysteria epoka da songane derifrå oftast er mest populære blant fansen. Men vi likar å spele så mykje så mulig frå fleire album. Vi kan dekke songar frå stort sett alle 10 albuma frå bandet. Vi likar å minne fansen på at Def Leppard har haldt det gåande i over 30 år og har så mykje meir enn bare to suksessfulle album og vise til.

Har dere sjølv favorittepokar av bandet?

Vi har alle våre nostalgi album. Mark går heilt tilbake til dei tider då Def Leppard opna for Sammy Hagar tidlig på 80talet, så han likar best dei tidlige albuma. Generelt sett er vi vell alle mest begeistra for den epoka der bandet var på høgda kommersielt sett, det vil seie albuma Pyromania, Hysteria og Adrenalize.

Ved å ha eit tribute band for eit band som no har haldt det gåande i 30 år må det være vanskelig å tilfredsstille alle fans ønske? Blant det generelle musikkpublikummet er kanskje bandet mest kjent for balladane sine. Merker dere dette under konsertane?

Under konsertane er det alltid mange som roper ut låtar dei vil høre og vi prøver stort sett å få desse songane inn i vårt sett. Vi prøve også å forandre settet vårt alt etter kva vi trur publikum er ute etter. Nokon likar den gamle New Wave of British heavy metal fasen deira, medan andre likar steget dei tok til det som no er kjent som 80tallsmusikk og atter nokon likar det meir moderne dei har gjort dei siste åra.

Kan ikkje seie meg heilt einig i att bandet er mest kjent for balladane sine. Under konsertane får vi som oftast førespørsel etter meir ”in you face” låtar som Photograph, Gods of War, Animal, Pour Some Sugar On Me, Rocket og Lets Get Rocked i stedet for dei roligare låtane. Vi slepp som oftast unna med eit par tre ballader under kvar konsert.

Def Leppard fikk under 80talet eit rykte på seg for å ha ei stor kvinnelig fanskare, merkar dere noko til dette som tribute band?

Hehe, meinar du store kvinnelige fans eller mange av dei ? Underteikna skal her innrømme at det vart litt rødming før eg på stotrande norskengelsk fekk klargjort at det var antall vi tenkte på og ikkje kilo. Publikummet vårt pleiar å vere særs miksa for å være ærlig. Vi merkar sjølvsagt at mange kvinner liker meir tongue in cheek låtar som Pour Some Sugar On Me, Excitable, Make Love Lika A Man osv. Men vi har også mykje mannfolk i vårt publikum og eg trur dei aller fleste som har litt kunnskap om Def Leppard sin musikk innser at dette er god gammal rock and roll.Det skal her leggast til at det var mykje damer som hoppa og dansa heilt framme ved scenekanten, men når eg kika meg over skuldra så stod alle mannane lenger bake og rocka med

Føler dere at det er eit marked for eit Def Leppard tribute band der ute?

Markedet er definitivt der, men det variere mykje frå plass til plass. Beste mottakinga har vi fått i Belfast (underteikna kan skrive under på at stemninga stod i taket heile konserten), Crewe, Southampton og Sheffield naturleg nok. Generelt trur vi at folk berre treng å bli minna på om hvilket unikt band Def Leppard faktisk er.

Drar dere mykje folk på konsertane?

Som tidligare sagt varierar det frå plass til plass. Det meste var vell her i Belfast der vi har solgt ut dei tre tidligare konsertane våra, og det er vel da sånn ca. 450stk.

Dresser dere opp som Def Leppard?

Det gjør vi. Vi er ikkje akkurat look alikes, men vi prøver å portretere bandets image slik at vi kan skape stemninga til eit ekte Def Leppard show.

Veit Def Leppard om at de har eit tribute band i UK? Har nokon av dere møtt nokon av bandmedlemmane??

Vi har ikkje møtt dei nei. Men vi har ein brevvenn USA, som har nemnt oss til Rick Allen , og han signerte ein av posterane våra med ei lykke-til-beskjed på . Vi har også møtt ein del fans som hevdar å kjenne bandmedlemmane og har lovt å nemne oss til dei.

Utenom det Def Leppard, kva andre band har inspirert dere til å drive med musikk?

Der er ein ganske stor miks for å være ærleg. Frå prog rock som Yes, tidleg Genesis (Ians favorittar), til AOR band som Journey og Styx (Lee spesielt), men generelt sett har vi alle være inspirert av brit-rock band som Led Zeppelin, Whitesnak, Deep Purple og Magnum så vel som Amerikanske band som Aerosmith, Van Halen, Bon Jovi, Foo Fighters og samt meir heavy musikk som Metallica, Megadeth, System Of A Down, Pantera etc. Men vi er også inspirert av mykje obskur musikk som vi ikkje ein gong tør å nemne.

Vist du måtte plukke ut eit av bandmedlemma, kven trur du hadde klart seg best som medlem av Def Leppard?

Mest sansynleg Ian, sidan vi da ikkje hadde trenge å erstatta nokon frå sjølve bandet, han kunne bare stilt opp keyboardet sitt ved scenekanten.

Da takker eg for praten.

Sjølv takk. Vist nokon vil booke oss for konsertar i Noreg er alle kontaktdetaljar på www.deftleppard.com. Vi veit at mange plassar i Noreg har dei tributekonsertar og tributekveldar. Detter er noko som vi sjølvsagt kunne tenkt oss å være med på. Underteikna kan skrive under på at vist din pub eller 80tallsfestival ikkje har budsjett til å hyre inn Def Leppard sjølv, er dette mest sannsynlig det nærast du får i Europa.

Deft Leppard:

The real deal:

Kontaktdetaljar:
www.deftleppard.com


Raymond Abeltun





submit to reddit







Siste saker

Fremmed Rase: «Det e’ så varmt inn hær!»

Løkki: Hva norsk musikk trenger akkurat nå.

Christer Torjussen: Norges svar på Louis CK

Wallmans Oslo: Rockin'

Kris Kristofferson: "More country for old men"

Singin’ in the Rain: Vanntett underholdning!